|
Telemarkfestivalen er ein av dei største møtestadene for tradisjonsmusikk i Norge, og ein av dei viktigaste kulturformidlarane i tradisjonsmusikk og forteljartradisjonar. Festivalen er internasjonal og inviterar årleg folkemusikkartistar med forskjellig etnisk bakgrunn. Telemarkfestivalen er også ein festival for heile familien.
Telemarkfestivalen får stadig ros for det gode miljøet festivalen tilbyr, trivelege medarbeidarane som yter god service til alle gjester, om det er artistar eller publikum. Dette gode miljøet kan ein berre takke alle dei frivillige som opp gjennom åra har vore med å prege festivalen for.
Telemarkfestivalen treng om lag 150 frivillige kvart år! Kontakt oss om du vil vere ein av dei!
Kontaktperson:
Dagleg leiar Ingebjørg Nordbø
tlf.456 10 366
tlf. 35951919
epost: post@telemarkfestivalen.no
Konsertansvarleg:
Konsertansvarlig er festivalen sin representant på konsertstaden. Dette er ei ansvarsfull oppgåve, men også interessant og morosam! Du vil få oppleve festivalen frå innsida og kome nært innpå artistar og andre medarbeidarar, samt representantar på konsertstadene.
Oppgåvene er mellom anna:
• ta i mot artistane på konsertstaden
• passe på at det tekniske går etter planen i høve lydprøver, konsertar, m.v.
• vere arbeidsleder for billettvakter og dørvakter
• bidra til å løyse små og store problem som kan oppstå
Produksjon:
Riggemannskap: er "grovarbeidarane" under festivalen, og utfører soleis varierte oppgåver som å frakte lyd- og lysanlegg, scenemodular og anna utstyr til og frå spelestadene etter utarbeidde tidsplanar. Her trengst det folk med virkelyst, fleksibilitet og samarbeidsevne.
Scenemannskap: jobbar som bindeledd mellom innleidde lyd- og lysteknikarar og artistar på spelestadane. Bør ha musikarerfaring eller kjenne litt til scenetekniske forhold. Skal også følgje opp artistanes backline (forsterkarar, trommer etc.) og rigge opp anna scenerekvisita.
Dekor: opprigging av scenedekor på spelestadane. Ein fordel å ha kunnskapar om form og farge.
Sjåfør:
Vi har både buss og bilar for transport av artistar, medarbeidarar og utstyr. Du blir satt opp på vakter 4-6 timar eller enkeltturar for eksempel til flyplass (Gardermoen eller Torp).
Festivalkontoret:
Denne er til for å hjelpe publikum, andre medarbeidarar og artistar med generell informasjon og hjelp. Ulike små og store spørsmål dukkar alltid opp undervegs og må gjerne løysast der og då. Her er alltid 2 personar på vakt og vaktene varar normalt om lag 4 timar.
PR-medarbeidarar:
Følgje opp journalistar og mediafolk med service og informasjon. Utarbeide festivalavisa som kjem ut dagleg festivalhelga. Utarbeide anna informateriell og spreie dette til publikum, artistar og andre medarbeidarar.
Billettvakt/ dørvakt:
Billettar blir solgt på førehand, men vi treng òg folk i døra for å selge billettar og som dørvakter generelt. Vaktene er på mellom 3 og 4 timar. Det blir også gitt opplæring i om alt som gjeld festivalen, dvs det publikum vil ha spørsmål om.
Vi sjåast på Telemarkfestivalen 22-25. juli 2010!
|