Telemarkfestivalen logo  
  Kontakt oss
     
Telemarksfestivalen
  04/11/09 Rosa i botnen - konsert 18. november
 

Konsert med Knut Hamre og Benedicte Maurseth m.fl. "Rosa i botnen"
Bø Museum, 18. November kl 20.00


Frå pressemeldinga:
I 2006 kom hardingfelespelarane Knut Hamre og Benedicte Maurseth ut med CD´en ”Rosa i botnen”- eit prosjekt som er omtalt som eit viktig skifte i norsk folkemusikk. Her gjekk dei nye og gamle veger ved å ta i bruk dei eldste eksisterande hardingfelene i verda, satte på tarmstrenger og bruka korte barokkbogar. Dette gav instrumentene og slåttemusikken eit nytt musikalsk liv. NRK P2 utnevnte prosjektet til ein av dei viktigaste hendingane innan tidleg musikken i 2006. Riksavisene som til dømes VG, gav CD´en ein seksar og omtala den som: 
 ”en av tidenes vakreste og sterkeste hardingfeleplater”.

Nå har duoen invitert komponist Nils Økland til å skriva eit nytt stykke for dei. Då dei gamle hardingfelene og den eldste slåttemusikken har sterke koplingar til vest- europeisk musikk på 16- og 1700- tallet, har dei saman invitert med andre barokkmusikarar.
Komponist Nils Økland seier sjølv om verket:

"Det er ei stor og spennande utfordring å skriva for "Rosa i Botnen Ensemblet". Denne gongen består ensemblet av 2 hardingfeler, 2 viola d´amore, tympanon og gambe. Eg ynskjer å gje stykket ei ganske ope form, slik at musikarane kan få utfolda seg i landskapet dei trivst i. Musikken blir sjølvsagt prega av den særeigne klangen i dei ulike instrumenta, men og av at musikarane har bakgrunn i ulike former for musisering".

Repertoaret på denne konserten vil bestå av dette nyskrivne verket av Nils Økland, nyskriven slåttemusikk og tradisjonell slåttemusikk, samt klassisk tidleg musikk av “folkeleg karakter”.

Kontaktinfo:

Benedicte Maurseth, b.maurseth@yahoo.no tlf: 95 97 99 04
Knut Hamre, hamreknut@hotmail.com, tlf: 95 72 82 55

Dei medverkande:

Knut Hamre: er ein av våre aller fremste utøvarar på hardingfele som verkeleg har reindyrka sin tradisjon frå Hardanger, men som også har hatt samarbeid med musikarar innan dei fleste sjangrer. Dette har ført til mange prosjekt og CD-utgjevingar Han har vunnet Landskappleiken heile 7 gonger, vunnet Spellemannspris, hatt Statens Arbeidsstipend og motteke mange prisar. Han har turnert i inn- og utland sidan 1975 og vore med på ei rekkje bestillingsverk.


Benedicte Maurseth: spelar Hardingfele og  Viola d´amore.
Maurseth har turnert mykje for Rikskonsertane og spela på ei rekkje festivalar  i inn og utland. Sommaren 2007 vart ho gjennom Rikskonsertane kåra til “Årets unge folkemusikar” og har motteke mellom anna Statens Arbeidstipend. Våren 2009 hausta ho særs gode kritikkar for sine nye komposisjonar  til sceneversjonen av romanen ”Andvake” skrive av Jon Fosse ved Det Norske Teatret. Er for tida aktuell på NationalTheatret i forestillinga „Nå- med kvinnehånd“ i samarbeid med Anne Marit Jacobsen.

Nils Økland: spelar Hardingfele og Viola d´amore og er komponist.
Som felespelar er han heilt utanom det vanlege og opererar i grenselandet mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk. Økland har vore solist med ulike orkester og ensemble I dei fleste europeiske land, og har hatt fleire turnear for Rikskonsertane. Han har urframført verk for solo hardingfele og med orkester I tillegg til at han også komponerar mykje sitt eige konsertrepertoar. Nils Økland har dessutan laga filmmusikk, ballettmusikk og div. bestillingsverk.

Phillipe Pierlot:  kjem frå Belgia og spelar viola da gamba og barryton. Han rekna for å vera ei stjerne innan tidleg musikken på sitt instrument og vert invitert over heile verda til å halda konsertar. Han arbeidar særleg med tidleg musikk men også innan samtidsmusikk. Han er mykje som dirigent og rettleiar i historiske tolkningar av eldre musikk og er professor ved Horchscule for musikk i Tyskland.

Elisabeth Seitz: spelar Tympanon og kjem i frå Tyskland.
Ho arbeidar hovudsakleg med tidleg musikk men også
med samtidsmusikk. Ho er mykje nytta som pedagog ved dei fremste universitetene i Tyskland og samarbeidar med ein rekkje ulike ensembler, mellom anna i eigen trio med Økland og Pierlot.

<<< tilbake

 

 
 
 


Telemarkfestivalen

Gullbringvegen 34
3800 Bø

Phone
Offfice: 35 95 19 19
Fax: 35 05 92 29
Mobile:  45 61 03 66

Email:
post@telemarkfestivalen.no