|
Nordisk møte.
Fredag 23.juli, Låven/ Skogen Gård.
kl 20:30- 00.00.
Bill.pris for totalt tre konserter: 350,- + avgift
Nettbillett kjøpes her
Reservering av billetter: tlf: 35 06 03 90
VELKOMMEN!
1) Helene Blum & Harald Haugaard Kvintet
Fredag 23. Juli, Låven/Skogen Gård:
Kl. 20.30.
To av Danmarks finaste musikre står sammen i spissen for ein kraftfull kvintett som formidlar ny dansk folkemusikk med rot i gamle tradisjonar. Her er det sarte ballader og fengande dansemusikk i god blanding.
Både Haugaard og Blum har individuelle karrierer bak seg. Helene Blum sin sang er djupt forankra i den danske tradisjonen, men ho er heller ikkje redd for å utfordre den. Som soloartisk er ho kjent for sin reine klare stemme og for sitt inderlege uttrykk. Harald Haugaard har markera seg som ein av Danmarks mest internasjonale artistar. Med sitt fiolinspel forenar han det leikande lette med karakteristisk melankolsk klang. Han har turnera intensivt verda rundt.
Her har dei to fått med seg eit flott lag med musikarar som får fram alle aspekt og kvalitetar ved Blums vokale og Haugaards instrumentale uttrykk. I januar i år hadde kvintetten konsert på den store Celtic Connections Festival i Glasgow. I sin anmeldelse skreiv det skotske magasinet Hi-Arts at Helene Blum & Harald Haugaard Kvintet sin konsert sto for den største overraskinga på årets festival. Nå har me muleghet til å oppleve det samme på årets Telemarkfestival i Bø.
Helene Blum: sang/fiolin/gitar
Harald Haugaard: fiolin/mandolin
Kristine Elise Pedersen:cello
Perry Stenbäck: gitarer/nøkkelharpe/mandolin
Sune Rahbek:slagverk
2) Nordic
Fredag 23.juli, Skogen gård, Låven
Kl. 22.00.
Det svenske bidraget til Nordisk Møte er trioen Nordic. Gruppa blei danna i 2004 da bandmedlemmene møttest under utdanning ved musikkhøgskule i Stockholm. Dei brukar instrument som nykkelharpe, mandolin og cello. Den litt utradisjonelle blandinga av insrument gjev gruppa eit heilt eget lydbilde. Dei tre bandmedlemmene kjem frå Västerbotten, Hälsingland og Småland og alle dei områda har forskjellig folkemusikktradisjon.
Sammen har Nordic fått til eit unikt samspel og gjev den enkelt frihet til å bidra med innfall og nye vinklingar. Ikkje uten grunn har dei blitt sammenligna med gruppa Väsen og for Nordic har det vore ein fordel at Väsen er kjende frå før og at nykkelharpe er eit instrument som folk har lært seg å sette pris på .Gruppa blei valgt ut til å delta på 2009 World Music Expo; Womex, i Kjøbenhavn i november. Med så dyktige artistar blir samspelet og improvisasjon ein stor opplevelse å høre.
Erik Rydvall: nykkelharpe
Magnus Zetterberg: mandolin
Anders Lövberg: cello
3) Hekla Stålstrenga
Fredag 23. Juli, Skogen Gård, Låven
Kl. 23.00
Ragnhild Furubotten og Tore Bruvoll er hovedpersonane i Hekla Stålstrenga. Dei møttest fyrste gong i 1995 og har hatt musikalsk samarbeid sidan da ved sidan av dei prosjekta dei har hatt kvar for seg. I 2008 fekk dei med seg fleire andre dyktige musikrar og gav ut CD’en Hekla Stålstrenga som blei nominert til Spelmannsprisen samme år.
Musikken er sterkt inspirera av Nord-Norsk folkemusikk og dei framfører både tradisjonelt materiale frå landsdelen og eigne komposisjonar og alt er prega av deire egene sterke og originale musikalske uttrykk. Konsertane er karismatiske, energiske, humoristiske og dei greier å tilføre musikken eit moderne preg som er forfriskande.
Ragnhild Furubotten – fele
Tore Bruvoll – gitar, banjo, orgel
Anne nymo Trulsen – sang, ukulele, gitar
Trond-Viggo Solås – kontrabass
Ole-Jakob Larsen – trommer, perkusjon <<< tilbake
|