|

Festivalprogrammet
2002
vert presentert i mars
For
siste nytt, sjå pressemeldingar
|
Telemarkfestivalen
- eit moderne
folkemusikkprosjekt
Telemarkfestivalen i Bø presenterer kvart år originaltappa folkemusikk
frå fleire himmelstrok - i ein intim atmosfære møter norske folkemusikkartistar
framståande utanlandske utøvarar.
Telemarkfestivalen
vil vere ein møtestad og ein arena for fornying av folkemusikken
- ein stad der det eksperimentelle skal møte det tradisjonelle,
der det nasjonale skal møte det internasjonale. Samtidig skal festivalen
også vise fram dei mangfaldige tradisjonane i vår eigen kultur både
innan folkemusikk- og dans.
Ei viktig satsing
for Telemarkfestivalen i 2002 vil vere folkemusikken som urkraft
og urkjelde for vidare utvikling inn i eit nytt hundreår - festivalen
ønskjer å vidareføre og styrkje vår profil om å vera ein møtestad
for det som rører seg innan folkemusikken.
|