Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Meistermøte mellom Noreg og Shetland

Annbjørg Lien og Catriona Macdonald har kjend kvarandre heilt sidan barndomen, då Catriona i lag med gruppa The Young Heritage og Tom (Tammy) Anderson frå Shetland besøkte Ålesund – der Annbjørg opphavleg er ifrå. Dei to har sidan halde kontakten både sosialt og musikalsk, med tett samarbeid mellom anna gjennom supergruppa, String Sisters. Catriona Macdonald er elles eit kjend namn for mange i Bø ettersom ho budde her i eitt års tid. No kjem ho «heim» ein tur for det som garantert blir ein fantastisk konsert i lag med spelsøster, Annbjørg Lien.

Historisk har både den kulturelle og musikalske lenka mellom Norge og Shetland vore sterk. I denne konserten vil Lien og Macdonald – i lag med eit knippe briljante musikarvener – syne fram desse lenkene gjennom både tradisjonelt og nykomponert materiale.

 

Få med deg heile kveldsprogrammet i Gullbring! Kjøp samlebilletten «GULLfredag»! Hugs å hente ut plassbillett til konsertane i Storsalen.

Medverkande
Annbjørg Lien – hardingfele, nykkelharpe
Catriona Macdonald – fele
Inge Thomson – trekkspill
Tore Bruvoll – gitar
Rune Arnesen – trommer, perkusjon

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.