Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Jens Amundsen i ord og tonar

Jens Amundsen var ein av dei fremste spelemenn i Noreg i sin generasjon. Han vann Lanskappleiken i 1961 og i 1963, fekk Myllargutmedalja i sylv i 1960 og i gull i 1963. Tre ulike plateselskap sine forsøk på å presentere ei utgjeving med det beste som er innspela på hardingfele har til felles at Amundsen er representert på alle.

Fyrste læremeisteren var broren Alfred. Idealet i spel blei Gunnulf Borgen. Jens sjølv blei den viktigaste arvtakaren av Borgja-spelet blant dei i sin alder. Borgjakonserten med Jens Amundsen som midtpunkt høver difor godt. Amundsen såg på aktiviteten i Spelemannslaget Bøheringen som noko av det viktigaste, der han var naturleg midtpunkt og heidersmedlem. Spelemannslaget opnar konserten saman med Bø dansarring, etterfølgd av unge felespelarar og dansarar frå Midt-Telemark og helsing frå Midt-Telemark kommune.

Som ein del av konserten vil det vere eit rikeleg utval av lysbilde, videoopptak, lydopptak med Jens sjølv i spel og tale. Vener, kollegaer og folkemusikkinteresserte i alle aldrar vil komme i god stemning ved å møte att Jens på Borgjakonserten gjennom Knut Buen og Torgeir Straand si formidling i spel og forteljing. Det blir eit program med både kjent og nytt for ekspertane innan hardingfelesjangeren. Samstundes er denne utgåva av Borgjakonserten like mykje for dei publikummarar som møter hardingfela og bygda for fyrste gong – i god, inkluderande Jens Amundsen-tradisjon.

Medverkande
Torgeir Straand - hardingfele
Knut Buen - hardingfele
med fleire.

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.