Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Byting på heimebane

I gamle dagar trudde folk at om du fekk ein unge med psykiske forstyrringar eller andre sinnslidingar eller lyter så var det huldrefolket som hadde bytta ut den ekte ungen med sin eigen. Altså ein «byting» som me seier i Telemark og i andre dialektar. I dag blir uttrykket ofte bruka om ein person som kan vera noko utagerande, skruppellaus og vill. Byting er óg eit band frå Bø i Telemark som såg dagens lys i kjølvatnet av Telemarkfestivalen i 2013 då vokalist og frontmann Thomas Hellekås framførte låta «Høvdingen» i lag med Per Anders Buen Garnås til ære for Jon Elling Buen Garnås. Sidan den gong har bandet opparbeida seg ei stor fanskare rundt omkring i Noregs land, og dei vinn stadig nye fans med eit usedvanleg bra live-show med sin egenkomponerte folkrock og country inspirerte musikk. Tekstane på klingande bøhæring speilar sjølopplevde hendelsar på godt og vondt, og er ein viktig del av Byting sitt uttrykk!

Som gjestar på denne konserten kjem skodespelarinna Mathilde Storm – kjend frå NRK-serien «Rådebank», og Per Anders Buen Garnås vil framføre nokra låtar med sitt gamle band!

Mathilde Storm

Medverkande
Thomas Hellekås – vokal, gitar
Syver Fossen – gitar,kor
Eirik Ask – tangenter, kor
Magnus Westgaard – bass, kor
Geir Ormøy – trommer, kor

Gjestar: Mathilde Storm og Per Anders Buen Garnås

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.