Laster Arrangementer

Ekte og genuint møte med tre av musikkens meistre!

Stian Carstensen, Elias Akselsen og Ola Kvernberg: «Horta»
Sundag 13. august 2023
Villa Lunde, kl. 17:30
365,-

Elias Akselsen og Stian Carstensen har vore musikalske følgjesvener i ei årrekke, men dette samarbeidet er ferskvare. I lag med felespelaren Ola Kvernberg presenterte dei plata «Horta» hausten 2022. «Horta» er romani og tyder «ekte». Plata består av ni personlege tolkingar av tatermusikk som rommar både skillingsviser og balkanrytmar. Med Akselsens unike stemme og nærvær får publikum servert eit tverrsnitt av den taterske musikkarva frå eit av dei siste tidsvitna til taterane si tragiske – men òg rike– historie; ein ekte romani. Publikum får også høyre spor av korleis dei samtidige musikktradisjonane har hatt innverknad på kvarandre. Ein veit til dømes at kjende norske folkemusikarar som Myllarguten og Fante-Karl spelte tater-musikk, som har overlevd i form av slåttar og såleis blitt norske.

Måten folkemusikarar og taterar har gjort inntrykk på kvarandre opp gjennom historia, speglar jazzfilosofiske ideal og haldningar til livet: ein møter ei verd i stadig endring med eit opent sinn og tar med seg det som gjer inntrykk – det som gir fot – og så går ein vidare. Kanskje sit ein igjen med eit meir nyansert inntrykk av kulturell identitetsskaping enn den polariserte varianten vi er vant til å halde oss til, etter å ha høyrt «Horta»? Tida vil vise.

I lag med våre venner i Villa Lunde er me stolt vertskap for desse musikalske meistrane!

 

Medverkande
Stian Carstensen – trekkspel
Elias Akselsen – vokal
Ola Kvernberg – fele

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.