Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Primitivt, rått og ekte frå söta bror!

Svenske Daniel Norgren er udiskutabelt ein av nabolandet sine ypparste artistar, og han er kjend som ein som alltid gir alt på sine konsertar. Den primitive, rå og ekte krafta til Daniel Norgrens musikk har ført han på utselde turnéar over heile Europa og i USA. No er turen komen til Bø i Telemark – som ein av svært få konsertar i Noreg denne sommaren!

Norgren har blitt skildra som en perfekt kombinasjon av Tom Waits og Jack White – med gitardrivne låtar forankra i både amerikansk gospel, roots, folk og blues, og klassisk svensk låtskrivar-tradisjon. Det er umogleg å ikkje bli fascinert av prestasjonane til den høgreiste svensken som låtskrivar, gitarist og vokalist; og det blir sagt at ingen går urørt heim frå ein konsert med Daniel Norgren – ein perfekt match for Telemarkfestivalen med andre ord!

 

Heilaften? Vil du få med deg alle konsertane i Gullbring denne laurdagskvelden? Då kan du kjøpe billetten «Heilaften»!

Medverkande
Daniel Norgren – vokal, gitar, munnspel, piano
Anders Grahn – bass
Erik Berntsson – trommer
Andreas Filipsson gitar, orgel

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.