Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Evju bygdetun er ein historisk gard med verna kulturlandskap på Sætersbø mellom Bø og Gvarv. Evju Bygdetun arrangerar utstillingar, kurs, konsertar, foredrag,…

Evju bygdetun er ein historisk gard med verna kulturlandskap på Sætersbø mellom Bø og Gvarv. Evju Bygdetun arrangerar utstillingar, kurs, konsertar, foredrag, aktivitetsdagar og matdagar. Stiftelsen driv jord, skog og forvaltar 16 gardshus med aktivitetar knytt til formidling av kulturarv mot barn og unge, lokalbefolkning og turistar. Bygdetunet gjev husrom til fleire frivillige interessegrupper med ulike aktivitetar gjennom heile året. Evju bygdeturn er såleis eit unikt utgangspunkt for å formidle lokal og regional kulturarv i Telemark – og ein naturleg samarbeidspartnar for Telemarkfestivalen.

I lag vil me ønskje velkomen til ein hyggeleg familiedag på Evju bygdetun med musikk, dans, artige aktivitetar og god mat og drikke.

Nes nasjonale dansarring vil ha ei eiga danseoppvising, Ottar Kåsa og Lars Erik Øygarden vil fortelje om og spele på dei nyleg restaurerte Evju-felene. Felespeler Johanna Seim og vokalist Marianna Sangita vil framføre ny musikk som dei har laga i lag medan dei har budd på Evju bygdetun i nysatsinga «Evju Sessions» – eit spennande, nytt konsept der Telemarkfestivalen vil koble ein folkemusikar saman med ein anna utøver for å lage ny musikk. Dagen avsluttast med open dans på tunet. – Hugs å ta med eigen dansepartnar, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld. Parallelt med programmet vil det vere hallingkurs for barn, sanseløype og andre aktivitetar, og Evju bygdetun sel ureist mat.

 

Program:

 

Kl 11:00 – Dørene åpner

Kl 11:30 – Dans ved Nes nasjonale dansarring

Kl 12:00 – Presentasjon av Evju-felene ved Ottar Kåsa og Lars Erik Øygarden

Kl 13:00 – Evju Sessions ved Johanna Seim og Marianna Sangita

Kl 13:30 – Open dans og spel ved Ottar Kåsa, Johanna Seim og Lars Erik Øygarden

 

Velkomen!

 

 

 

 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.