Laster Arrangementer

Kva meiner me når me snakkar om mangfald i kulturlivet?
Og tyder dette noko anna i distrikta enn i dei større byane?
Er mangfald noko som kan og bør målast? Og skal slike mål vere dei same i bygd og by?

Det er nokre av spørsmåla som Telemarkfestivalen, Telemarksforsking og Universitetet i Sørøst-Norge ønskjer å drøfte i eit arrangement som finn stad på Kroa i Bø onsdag 6. desember. Som ein festival med eit uttalt fokus på å vise fram den mangfaldige folkemusikken ønskjer Telemarkfestivalen å presentere konsertar i festivalprogrammet der både uttrykk, utøvarar og publikum speglar mangfaldet. Musikalsk mangfald er likevel berre ein liten del av heilskapen. Mangfald er eit mangfaldig omgrep som rommar mellom anna kultur , språk, aldersgrupper, kjønn, seksualitet og funksjonsnivå. Det er også mangfaldig ut frå om ein bur i bygd eller by, og i inntekts- og utdanningsnivå. Det store mangfaldet i samfunnet gjenspeilast ikkje like godt i kulturlivet, trass i kulturpolitiske mål om at kunst- og kulturlivet skal vere relevant for heile befolkninga. Dette er det stor merksemd rundt, og mange aktørar i kunst- og kulturfeltet jobbar med mangfald på mange måtar – i programinnhald, rekruttering av kunstnarar og kulturarbeidarar, i kva type publikum ein rettar seg mot og gjennom ulike formar for samarbeid.

Sjølv om mange aktørar har konkrete mål og tiltak for å fremje mangfald, kan det vere vanskeleg å vite kva mål som er realistiske, om tiltaka verkar og i kva grad måla nås. Kulturlivet er dessutan mangfaldig på andre måtar – alt frå store offentlege institusjonar til mindre arrangørar og verksemder som gir opplevingar innanfor alle typar kulturutrykk og sjangrar til folk over heile landet. Det betyr mellom anna også at små festivalar eller andre små kulturverksemder har andre føresetnader enn store, statlege institusjonar til å nå ulike mål om mangfald.

Arrangementet vil innehalde innleiingar og presentasjonar, samt gruppesamtalar leia av Monica Ifejilika frå Kulturdirektoratet, der både innleiarar og publikum vil drøfte aktuelle problemstillingar knytt til tema. Arrangementet vil vere opent og gratis for alle!

 

Program:

Innleiing om tema
ved Maja Foss Five – fylkeskultursjef, Nye Telemark fylkeskommune

Kulturutdanning med eit distriktsperspektiv
ved Annette Winkelmann – programansvarlig for bachelor i kulturledelse, USN

Mangfald og kulturforsking
ved Mari Torvik Heian – seniorforskar Telemarksforsking

Telemarkfestivalen og mangfald
ved Kristoffer Mosfjeld, dagleg leiar

Om mangfald i distrikta
ved Eivind Breilid –  Formidlar og medlemsrådgjevar, Balansekunst

Om mangfaldsarbeid. Med gruppesamtaler
ved Monica Ifejilika – rådgjevar, Kulturdirektoratet

Konsert
Mattis Kleppen, Sidiki Camara og Ibou Cissokho

 

Velkomen!

 


 

 

 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.