
Festivalkviss + konsert med Magnus Wiik og Rose Logan
Kviss og konsert på Bull!
Festivalkviss med Torgeir + konsert med Magnus Wiik og Rose Logan
Torsdag 10. august 2023
The Bull Inn, kl. 20:00
Gratis!
Festivalkviss på Bull!
I samarbeid med Bull Inn er me glade for å kunne invitere til ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss. Kvissmester vil vere Torgeir Gullbekk Hansen, og spørsmåla vil som vanleg vere ei fin blanding av musikkrelaterte spørsmål – og heilt andre tema! Det blir ein fin premie til vinnarlaget!
Kvissen startar kl 20:00, og vil vare i om lag to timar!
Magnus Wiik & Rose Logan
Torsdag 10. august 2023
The Bull Inn, ca kl. 22:30
Gratis!
Musikalsk reise til Skottland og Cape Breton!
Rose Logan og Magnus Wiik har begge gjort seg merka i skotske, irske og amerikanske musikkmiljø, og i denne konserten møtast dei som ein duo med felles kjærleik for drivande skotsk folkemusikk frå både Skottland så vel som Cape Breton på Nova Scotia. Duoen opererer hovudsakleg innan det klassiske fele/gitar-formatet, og har ein heilstøypt «no-nonsense»-tilnærming til tradisjonen – samstundes tek dei nokre avstikkarar til Irland, Quebec, Kentucky og Flatdal. Med banjo, fløyte og hardingfele i bagasjen skaper duoen eit variert og fengande uttrykk.
Rose Logan har tross sin unge alder fått store musikarar til å trekke fram superlativa i både Noreg og Skottland. Rose er spådd ei lysande karriere og vert rekna som ein av dei mest spennande unge utøvarane i Skottland. Magnus Wiik er for mange kjend gjennom bluegrass-band som Open String Department og Julie & The New Favorites, og har fått skussmål som «ein av vår tids mest innovative og geniale musikktolkarar». Han vert fint skildra av Leiv Solberg som «ein norsk utgåve av Béla Fleck, Ricky Skaggs og Tony Rice i ein og same person» (Leiv Solberg, Folkemusikktimen).
Medverkande
Torgeir Gullbekk Hansen - kvissmeisterMagnus Wiik – vokal, gitar, banjo, fele
Rose Logan – vokal, fele
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.