Laster Arrangementer

Festivalkviss og konsert med Vincent Cross på Bull!

Festivalkviss med Torgeir
Torsdag 8. august 2024
The Bull Inn, kl. 20:00
Gratis!

 I samarbeid med Bull Inn er me glade for å kunne invitere til ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss. Kvissmester vil vere Torgeir Gullbekk Hansen, og spørsmåla vil som vanleg vere ei fin blanding av musikkrelaterte spørsmål – og heilt andre tema! Det blir ein fin premie til vinnarlaget!

 Kvissen startar kl. 20:00 og vil vare i om lag to timar!

Etter kvissen – ca kl 22:30 – vert det konsert med Vincent Cross! Vincent Cross er ein trubadur som er fødd i Dublin, oppvaksen i Australia og er no busett i USA. Den beste venen hans er Martin – den gamle gitaren – som følgjer Vincent på den musikalske landevegen som no fører han til Noreg for tredje gong. Me er fleire som hugsar besøka på Telemarkfestivalen i 2015 og 2019 med glede. Med humor og glimt i auget spelar han både eigen og andre sin musikk som stort sett høyrer heime i eit landskap med mykje blågras og røter, men også med innslag av country og blues. Ei samanlikning med nokre av dei store amerikanske visepoetane som Bob Dylan, Woody Guthrie og Neil Young er nok ikkje heilt bak mål. Vincent vil du møte fleire gonger i løpet av festivalhelga:

Fredag 9. august – kl 19:00 – Opningskonserten, Gullbring
Laurdag 10. august – kl 18:30 – O’Leary’s, Sønstebøtunet
Sundag 11. august – kl 17:00 – «Bå stasjon – 100 år», Pakkhuset

Medverkande
Torgeir Gullbekk Hansen - kvissmester
Vincent Cross – gitar, banjo, vokal

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.