Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Endeleg Frida Ånnevik i Bø!

Det er mange som har spurd, og endeleg kjem ho til Bø og Telemarkfestivalen! Hausten 2020 feira Frida Ånnevik 10 år som artist, utøvande musikar og låtskrivar. Det er blitt fem eigne plater, mange konsertar, deltaking i «Hver gang vi møtes» på TV2,  fine samarbeid, og nokre uventa svingar.

Då alt blei snudd litt på hovudet då pandemien kom i 2020, fann Frida saman med kollega Chris Holsten, og dei laga ein norsk versjon av verdshiten «If The World Was Ending» På norsk blei den til «Hvis verden» og teksten trefte ei djup nerve hos publikum i alle aldrar – der me satt heime utan klemmar, lite sosial omgang og følte at verda raste litt saman. Låta er strøymt meir enn 18 millioner gonger og blei kåra til «Årets låt» på Spellemannprisen i 2021 – Frida sin femte Spellemann-pris.

Etter mange konsertar gjennom dei siste to åra spelar Frida Ånnevik berre eit knippe utvalde festivalar denne sommaren. Me er sjølvsagt glade for at Telemarkfestivalen er ein av dei!  Frida og bandet tar publikum med inn i ei verd med sterk musikalsk nerve, og framfører låtar frå heile karrieren til Frida!

 

Som ei oppvarming får publikum høyre ny musikk frå Symre Taugbøl Bang frå Morgedal – eller berre Symre som ho kallar seg.

 

Heilaften? Vil du få med deg alle konsertane i Gullbring denne laurdagskvelden? Då kan du kjøpe billetten «Heilaften»!

Medverkande
Frida Ånnevik – vokal, gitar
Andreas Stensland Løwe – tangenter
Haldor Røyne – gitar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.