Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Gjertruds Sigøynarorkester og ein heil haug med gjestar

Det vert ein potpurri av sigøynar-musikk, korsong og generelt god stemning når Gjertruds Sigøynerorkester – forsterka med skodespelar Helge Jordal, Akantus og Vangen Operakor – kjem til Telemarkfestivalen med det som garantert kjem til å bli ei fantastisk konsertoppleving! Helge Jordal er ein av landets mest profilerte og særeigne skodespelarar. Han er òg ein utmerka vokalist med stor uttrykkskraft. Gjertruds Sigøynerorkester og Helge Jordal presenterer dikt, fortellingar, songar og musikk frå sigøyner- og taterkulturen. Helge Jordal formidlar dette på medrivande vis – med kjensle, autoritet og kraft. I denne heilt spesielle konserten får Gjertrud Sigøynerorkester dessutan besøk på scenen av koret Akantus frå Bø under leiing av Jakob Zethner, samt Vangen Operakor.

Den aukande tilstrauming av fattige rom dei siste åra, både til Noreg og andre EU-land, har aktualisert og synleggjort det stigma sigøynarar og rom er utsette for. I denne konserten ønskjer Gjertrud Sigøynerorkester og Helge Jordal å synleggjere at dette er menneske som er berarar av usedvanleg rike kulturelle tradisjonar som store deler av europeisk kulturliv har henta inspirasjon frå.

 

Konserten er i samarbeid med Villa Lunde.

Korsamarbeidsprosjektene er støttet av Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere og Creos vederlagsfond.

Medverkande
Helge Jordal – vokal
Gjertrud Økland – fiolin
Georg Reiss – klarinett, tárogató
Tom Karlsrud – trekkspel
Pål Thorstensen – kontrabass
Trond Villa – bratsj
Helene Waage – cello, song
Ernest Bangó – cimbalom

Akantus og Skien Operakor under leiing av Jakob Zethner

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.