Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Eit nytt og spennande møte med Ljose-Signe, Glima og Tåran i Tråppin!

«Draum» er ei ny dramatisk sceneframsyning basert på diktsyklusen med same namn av Sigurd Nes (1846 – 1915) og dei tre komposisjonane for hardingfele av Torkjell Haugerud (1876–1954). Handlinga dreier seg om dei tre gygrene Tårån i Tråppin, Glima og Ljose-Signe som heldt til i fjella rundt Flatdal. Sigurd Nes var seljording, medan Torkjell Haugerud var bøhering som seinare busette seg i Seljord. Dei tre gygrene kjem til nytt liv gjennom skodespelarane Hæge Manheim, Ingebjørg Buen og kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt, medan Anne Svånaug Blengsdalen, Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue står for musikken.

Legenda fortel at Olav Digre (Olav den heilage) var i Seljord og fekk bygd ei kyrkje, og lyste dei tre gygrene i bann så dei blei til stein. I denne framsyninga møter me Tårån i Tråppin i Skorve, Glima i Rupedalan på Mælefjell og Ljose-Signe i Bindingsnuten når dei vaknar opp etter ein 800 år lang svevn, og dei undrar seg over alt som har hendt og alle endringane dei ser.

Diktet skildrar striden mellom den gamle og den nye tid. Dei tre gygrene reagerer ulikt; Tårån likar ikkje den nye tida, Glima har resignert, medan Ljose-Signe vil blande det gamle med det nye. «Draum» er ein historie med tidlaus tematikk og heftig dramatikk – det handlar om religion og verdiar, som òg i dagens samfunn er årsak til både lokale og internasjonale konfliktar.

 

Framsyninga er særskild støtta av Vestfold og Telemark fylkeskommune, Seljord kommune, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Seljord folkemusikklag, Sparebanken DIN, Alf Johansen AS, Telespinn og Uppigard Natadal. Me takkar!

 

Ønskjer du å få med deg både «Draum» og Norsk kvedarforum sin jubileumskonsert? Då kan du kjøpe ein eigen billett for begge konsertar!

Medverkande
Hæge Manheim – Tårån
Ingebjørg Buen – Glima
Ingebjørg Lognvik Reinholdt – Ljose-Signe
Anne Svånaug Blengsdalen – hardingfele, lyre/ Tårån
Ragnhild Knudsen – hardingfele, hardanger d’amore/ Glima
Torunn Raftevold Rue – hardingfele/ Ljose-Signe

Hans Inge Hagen - film


Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.