Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Ingebjørg kjem «heim»!

Ingebjørg Bratland frå Edland er knapt fylt 30 år, men ho er allereie godt kjend i vårt langstrakte land for si vakre sangstemme og eneståande formidlingsevne. Karriera hennar begynte i ung alder og ho har sunge på Telemarkfestivalen sidan ho var lita. Dei siste åra har ho bevega seg meir mot popverdenen – men ho har på ingen måte gløymd kvar ho kjem ifrå. Resultatet er glitrande pop med tydelege referansar frå folkemusikken.

Ingebjørg er alltid nysgjerrig og søkande i sine musikkval, og det er godt synleg i dei mest kjende låtane hennar, som er ei blanding av eigne låtar og tolkingar av andre sine låtar. Med låtar som «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Bror» og «Di Ingebjørg», har ho bora seg inn i den norske folkesjela. Frå scenen er ho ein fabelaktig formidlar, og ein konsert med Ingebjørg byd alltid på nydelege låtar ispedd lune anekdotar. Den miksen har gitt ho eit stort og entusiastisk publikum over heile landet som aldri får nok av songfuglen frå Telemark!

 

Som ein oppvarming får publikum høyre resultatet frå Evju Sessions, der felespelar Johanna Seim og vokalist Marianna Sangita har laga ny musikk i lag medan dei har budd på Evju bygdetun.

Medverkande
Meir info kjem

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.