
Ingrid Jasmin
Eit blendande møte mellom norsk og latin-amerikansk folkemusikk!
Ingrid Jasmin
Fredag 11. august 2023
Kroa i Bø, kl. 21:00
365,- (Ein billett for heile kvelden på Kroa i Bø)
Ingrid Jasmin vakte oppsikt med debutsingelen «Pilgrim» i 2021. Dette var noko utanom det vanlege på den norske musikkscena: Ei elektro-akustisk blanding av norsk folkemusikk og flamenco, med nydeleg, eigenarta stemme og ein dose pop-sensibilitet!
Hausten 2022 slapp ho debutalbumet «Luna» til strålande omtalar og femmar i Aftenposten, under overskrifta «Nydeleg stemmeprakt». Med seg på plata har ho eit stjernelag av musikarar og produsentar: Mathias Eick, Eyolf Dale og Tuva Færden med fleire. Plata vart nominert til Spellemann-pris i open klasse.
Den unge, talentfulle songaren vaks opp omgjeven av folkemusikk i Telemark, men har samstundes dyrka røtene sine i den spansktalande verda. Ho har budd fleire år i Cuba og Spania, der ho har gått djupt inn i den tradisjonelle musikken. Den uvanlege blandinga av norsk og spansk tradisjonsmusikk høyrest merkeleg ut på papiret, men Ingrid Jasmin har stemma, kunnskapen og musikaliteten som får det til å fungere heilt fantastisk! Releasekonserten for «Luna» vart spelt på ei utseld Nasjonal Jazzscene under Oslo World, og hausta glitrande omtale. Til Telemarkfestivalen kjem Ingrid Jasmin med eit heilt fantastisk ensemble – med mellom andre Mattis Kleppen og Sunniva Langås-Røiland frå Bø!
Medverkande
Ingrid Jasmin – vokalMathias Eick – trompet, synth
Andreas Ulvo – piano, laptop, synth
Almir Meskovic – akkordeon, laptop, synth
Yannick Corre – flamencogitar, palmas
Fernando Maya - cajón, palmas
Mattis Kleppen – bass
Sunniva Langås-Røiland – hardingfele
Sidiki Camara – ngoni, perkusjon *
Jonas Kroon - lyddesign
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.