Laster Arrangementer

Har du lyst til å lære deg firfletting?

Har du lyst til å få ei innføring i firfletting? I gamle dagar var firfletting ein kjent teknikk over heile landet. Firfletting er i dag raudlista av Norges husflidslagDet er snart slutt på folk som kan firflette på gamlemåten. Det ønskjer me å gjere noko med!

På dette fire timar lange kurset vil du lære å lage ei firflette på gamlemåten. Du vil også lære å firflette grunnbinding for å få flater med teknikken. Vi arbeider vidare kreativt i ulike materialer og eksperimenterer to- eller tre-dimensjonalt.

Kurshaldar er Torhild Aavik frå Bø. Ho har lang erfaring med å halde kurs om firfletting!

 

Kursavgifta er inkludert materialar.

 

Obs! Berre 8 plassar! 

 

Send e-post med påmelding med namn og telefonnumer til [email protected]

Kursdeltakarane får lenke til billettkjøp etter godkjend påmelding! 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.