Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Zoé Johanna Eskes er ein biletkunstnar som opphavleg kjem frå Nederland, men har budd i Bø dei siste 10 åra. Ho har…

Zoé Johanna Eskes er ein biletkunstnar som opphavleg kjem frå Nederland, men har budd i Bø dei siste 10 åra. Ho har hatt ti utstillingar dei siste fem åra, samt fleire utsmykkingsoppdrag. Eskes jobbar både som kunstnar og kulturskolelærar i Midt-Telemark kommune. Til Telemarkfestivalen har ho kurert ei utstilling med bilete etter Torleiv Jørgensen Stadskleiv (1865-1946) som vil stå i Galleri Stadskleiv under festivalen. I samband med utstillinga vil ho ha eit malekurs der deltakarane får jobbe med oljemaleri i Stadskleiv si and. Kurset startar med omvising av utstillinga og om véret er på lag malar deltakarane ute i omgjevnadene rundt Gullbring.

Obs! Berre åtte plassar. 

 

Påmelding alle kurs:
[email protected]

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.