Laster Arrangementer

Sundag 11. august kan du bli med på mange spennande kurs på Evju bygdetun. Alle kursa finn stad mellom kl 11:00 og kl 14:00. Ein nydeleg lunsj med ureist mat frå Evju bygdetun er inkludert i kursavgifta.

Påmelding til kurs:
[email protected]

Etter påmelding vil du bli tilsendt ei lenke for billettkjøp og betaling. 

 

Kvedarkurs med Anne Gravir Klykken
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Velkomen til kurs i folkesong frå Telemark! Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg
gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset vil sveipe innom stiltrekk og historie knytt til songforma. Kurset kan passe både for deg som er nybyrjar, og for deg som er meir trena!

Kurs i seljefløyte med Silje Hegg
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Tonane frå seljefløyta var eit vakkert vårteikn før i tida – og er det framleis. Seljefløyta er truleg eit av dei eldste instrumenta me har, og me finn slektningar av fløyta over heile verda. Silje Hegg er instruktør. Ho kjem frå Vinje og har vunne fløyteklassa på Landskappleiken fleire gonger. Den autentiske stilen og rytmiske snerten gjer ho til ein svært omtykt utøvar og ein viktig representant for seljefløyta. Ho var tidlegare med i supergruppa Blåmann Blåmann. Kursdeltakarane får nytte fløyter laga av Ånon Egeland i kurset. Desse kan kjøpast til odel og eige om ein ønskjer det.

Kurs i teledans med Kristian og Borghild Hanto 
335,- inkl. bill.avg. / 10 par
Borghild Hardang-Hanto og Kristian Ihle Hanto har vore dansarar sidan barne- og ungdomsåra, og fordjupinga har vore dans til slåttespel med særdrag frå midtre og austre Telemark. Dei har vore A-klassedansarar sidan 70- og 80-talet, og har halde tallause kurs i springar, gangar og halling, her heime og i utlandet. Dette kurset vil passe for både nybyrjarar og for dei som har dansa litt før. Sjølvaste Alf Tveit spelar til dans under kurset – ei oppleving i seg sjølv!

Kurs i pileflett med Mari Fallet Mosand
485,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
I dette kurset vil Mari Fallet Mosand lære deg å flette ei korg på trebotn, sette inn stakar, flette ulike typar sideflett, flette kimning og legge kant. Med trebotn som start på ei korg har du mange moglegheiter til utforming av ulike fletteprosjekt: store, små, høge, og låge korger kan bli fletta på trebotnar, og botnen kan bli laga frå mange ulike treslag eller resteplank. I kurset vil det bli fletta med pil. Kursavgifta er inkludert materialar.

Kursverksemda er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Norsk Musikkråd. Me takkar!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.