Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Har du lyst til å få ei innføring i pileflett? På dette 3 timar lange kurset vil du lære grunnleggande fletteteknikkar for…

Har du lyst til å få ei innføring i pileflett? På dette 3 timar lange kurset vil du lære grunnleggande fletteteknikkar for å planlegge og flette ei mindre korg i pil. Me flettar i hovudsak i økologisk pil dyrka i Bø, men det vil vere mogleg å eksperimentere med andre naturmaterial som siv, bark og bjørkeris. Korgmaking er eit veldig gamalt handverk, det er moro, og ein blir fort hekta på variasjonsmoglegheiter i desse vakre naturmateriala! Mari legg opp til at alle rekk å lage ei mindre korg/ brødkorg/ serveringsbrett eller fat til servering av mat. Sjekk gjerne ut krokvokst på Instagram, eller www.krokvokst.com for inspirasjon.

Obs! Berre åtte plassar! 

 

Påmelding alle kurs:

[email protected]

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.