Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Har du lyst til å lære deg å sy din eigen bringeklut?

Har du med beundring kikka på dei fargerike bringeklutskjortene som mange i Bø brukar til stakk og liv eller beltestakk? I år får du sjansen til å saume di eiga skjorte. Bringeklutskjorta er eit enklare alternativ til den høgstemte brodera skjorta i kvit bomull, og du kan saume den i ulike stoff som blomstra bomull, fløyel eller silke. Anne Lise Holte er ei erfaren syerske og vil vere instruktør på kurset.

Obs! Berre 6 plassar!

Obs! Deltakarane må kunne beherske grunnleggande saum av klede, og må sjølv ta med stoff (2 -3meter), symaskin og sysaker. Kurset har begrensa med plassar.

 

Send påmelding med namn og telefonnummer til [email protected]!

Kursdeltakarane får lenke til billettkjøp etter godkjend påmelding! 

 

 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.