Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Bli betre kjend med folkesong frå Telemark!

Velkomen til kurs i folkesong frå Telemark! Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg
gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset vil sveipe innom stiltrekk og historie knytta til songforma. Kurset kan passe både for deg som er nybyrjar, og for deg som er meir trena!

Obs! Berre 10 plassar! 

 

Send påmelding med namn og telefonnummer til [email protected]!

Kursdeltakarane får lenke til billettkjøp etter godkjend påmelding! 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.