Laster Arrangementer

Levande legende

Merit Hemmingson
Laurdag 12. august 2023
Storsalen, Gullbring , kl. 18:00
365,-

Merit Hemmingson er så nær du kan koma ei levande legende i det svenske musikklandskapet. Den 82 år gamle organisten, komponisten og songaren frå Jämtland har i snart 60 år skapt og uttrykt sitt heilt eigne musikalske univers. Eit univers der den svenske folkemusikken møter rocken og jazzen. Om nokon har skapt sin eigen «sound», er det Hemingson – med sitt B3-orgel i botn. Det store gjennombrotet kom med albumet «Huvva!» i 1971 – og albumtitlar som «Swedish Modern», «Njutningar», og «Psalmer – Men på mitt vis» fortel det meste om at den svenske dronninga alltid har følgd sin eigen veg. Merit Hemmingson var, som Sigbjørn Bernhoft Osa, med på den legendariske Ragnarock-konserten i Holmenkollen i 1973, og to av låtane hennar frå konserten kom med på den påfølgjande konsertfilmen. I 2021 kom albumet «Huvva! Vad tiden går».

Medverkande
Merit Hemmingson – orgel og song
Ola Winkler – trommer og koring
Anders Norudde – moraharpe og sekkepipe
Milton Öhrström – tangentar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.