
MÍO
Ditt nye favorittband?
MÍO
Fredag 11. august 2023
Kroa i Bø, ca kl. 00:00
365,- (Ein billett for heile kvelden på Kroa i Bø)
MÍO har markert seg i undergrunnen med å levere energiske og forlokkande konsertar. MÍO er eit friskt pust i folk-rockens univers som med vokalist Dionisia Fjelldalen i front grip tak i lyttaren og nektar å gi slepp. Musikken fengar og treff hardt utan å miste balansen med sine dynamiske og meir sårbare sider. Ei rik inspirasjon frå norsk folkemusikk, 70-tallsprog, norsk rock og punk gir MÍO eit stort rom for leik og eksperimentering. Fuzza felespill og krulling møter eit stort arsenal av folkemusikkinstrument, jazzinspirert rytmeseksjon, suggererande bass og vrengt gitar. MÍO har base i Oslo og består av seks musikarar frå hele landet. Bandet vart starta av vokalist Dionisia Fjelldalen og bassist Marianne Friisberg Larssen i 2019, og i 2020 kom EP’en “MÍO” til strålande kritikkar. Debutalbumet “Ingen tid å miste” kom våren 2023. No er dei klare til å blåse taket av Kroa i Bø, og etter denne konserten kan det godt hende at MÍO er ditt nye favorittband!
Medverkande
Dionisia Fjelldalen – vokalMarianne Friisberg Larssen – bass
Maja Hveding Styffe – fele, hardingfele
Jakob Nome – gitar
Henrik Hagen Johnsen – piano, synth, trekkspill, nøkkelharpe, sitar, tverrfløyte med meir!
Eilif Hallingstad Finnseth – trommer og perkusjon
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.