Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

«Kvar kjem du frå? Kva er din musikk?»

Gitarist Andreas Haddeland vart svar skyldig då han fekk desse spørsmåla av sin mangeårige kollega, den samiske musikaren Ulla Pirttijärvi. Med ønskje om å finne tilbake til eigne røter begynte han – i lag med folkesongar Liv Ulvik og perkusjonist Ulrik Ibsen Thorsrud – å forske i melodiar og historier frå den norske folkemusikktradisjonen. I lag har dei funne fram til eit uttrykk som kler folkemelodiane i nye drakter, av florlette, såre, lyse, mørke, sterke og røffe fabrikat. I åpne musikalske landskap eller trange, klaustrofobiske musikalske rom vert lyttaren alltid teken med vidare av dei uslitelege og tidlause folkemelodiane som er forma og slipt gjennom århundrane.

Medverkande
Liv Ulvik – vokal
Andreas Haddeland – gitarar, bass, rubab, perkusjon
Ulrik Ibsen Thorsrud – trommer, perkusjon, klokkespel, sag

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.