
Per Anders Buen Garnås – «Møllarguten»
Den første av Per Anders Buen Garnås sin trilogi-konsert om Møllarguten, Gibøen og Fykerud.
Sundag 19. mars, kl 19:30, Nye Sjodar
200,- inkl. bill.avg.
Obs! Dørene åpner kl 19:00 med konsertstart kl 19:30. Born og ungdom til og med 20 år har gratis inngang.
Sidan hausten 2021 har Per Anders Buen Garnås reist rundt med tre konsertar. No er det endeleg duka for at desse konsertkåseria vert å høyre på heimebane i Midt- Telemark. Trilogien tek for seg tre av dei store stilskaparane innan slåttespelet i Telemark på 1800-talet; høvesvis Møllarguten, Gibøen og Fykeruden, der ein vert betre kjend med dei tre meistaranes liv og musikk gjennom ord og tonar.
I den fyrste av dei tre konsertane med vert me presentert og betre kjend med kanskje den aller mest kjende spelemannen på hardingfele gjennom tidene; Torgeir Augundsson, betre kjend som Møllarguten. Møllarguten vart fødd i Sauherad, men flytta etterkvart til Arabygdi i Vinje. Han vart gjennom spel i gjestebod og andre tilstelningar ei stjerne i Telemark, og etter kvart i resten av landet. Han vart den fyrste som tok hardingfela opp på ei konsertscene, med hjelp av venen og beundraren Ole Bull. Denne konserten er vigd livet til Møllarguten, på godt og vondt, ført i penn, tale og hardingfele av Per Anders Buen Garnås.
Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk (1933-2021) og Knut Buen (f. 1948). Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar – særleg i Telemark; slike som Eivind Mo (1904-1995), Olav Øyaland, (1922-2019), Einar Løndal (1914-2006), Bjarne Herrefoss (1931-2002), Anund Roheim (1913-1999) og Gunnar Innleggen (f. 1948).
For soloalbuma har han vunne FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemann 3 gongar – seinast i 2016 for CD-en Greinir.
Han har også vunne gullplate både for singel og for album saman med bandet Byting, der han var fast medlem frå 2013 til 2018.
I 2012 blei han tildela 2-årig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd. I 2021 fekk han 1-årig arbeidsstipend frå same instans, samt Rolf Gammlengs ærespris frå Fond for utøvende kunstnere. I 2022 blei han kåra til Årets folkemusiker under FolkeLarm,
Medverkande
Per Anders Buen Garnås - hardingfeleFlytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.