
Resjemheia+++
Superband vert om mogleg enda meir supert!
Resjemheia +++
Fredag 11. august 2023
Kroa i Bø ca kl. 22:30
365,- (Obs! Ein billett for heile kvelden på Kroa i Bø)
Resjemheia og Telemarkfestivalen har tette band. Bandet vart etablert med dagens besetning på Telemarkfestivalen i 2015 då dei framførte det fantastiske tingingsverket, «El Bokko». I åra etter har bandet malt dette spennande musikalske landskapet vidare med fleire utgjevingar og mange konsertar. Denne musikalske gumboen læt både vart og utagerande, heftig og inkluderande – og gir eit unikt musikalsk utgangspunkt. Namnet Resjemheia kjem frå heia ein må køyre over frå Bø til Notodden – frå folkemusikken til bluesen – frå Telemark og ut i verda og heim att.
No er tida inne for neste kapittel i soga: Resjemheia +++! Som namnet kanskje peikar på, er det eit kraftverk av ein konsert med Resjemheia i utvida besetning. Mattis Kleppen, Ottar Kåsa og Kenneth Kapstad får følgje av gitarist Per Borten frå Spidergawd, saksofonist Kjetil Møster og gitarist Viktor Wilhelmsen på scenen. Det vert både ny musikk og gamle hits. Oppskrifta er framleis den same – eit kraftfullt møte mellom blues-musikk frå Vest-Afrika og Mississippi og hardingfeleslåtter frå Telemark – berre med enda meir bensinlukt og trykk på pedalen enn tidlegare!
Medverkande
Mattis Kleppen – elektrisk og akustisk bassOttar Kåsa – hardingfele
Kenneth Kapstad – trommer
Kjetil Møster – saksofon
Per Borten – elektrisk gitar
Viktor Wilhelmsen – elektrisk gitar
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.