Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

«For alt som eingong va’» – Robert Burns på vestteledialekt

Peter Fjågesund har oversett ei stor mengde av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns sine dikt til Vest-Telemarkdialekt. Burns’ sine dikt vart brukt som viser sunge på tradisjonsmelodiar, nett som mange av Telemark sine mest folkekjære diktarar. Oversettingane blir til ein konsert med to kvedarar frå Telemark, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Åsmund Nordstoga. Med seg har dei ein av samtidas beste felespelarar frå Burns sitt heimland, Sarah Jane Summers. Det blir nye freske arrangement på skotske folketonar og slåttar – alt på klingande vest-telemål. Nye arrangement av folkekjære melodiar som Auld Lang Syne og A Red Red Rose blandast med skotske fartsfylte dansesullar til livligare dikt som Rigs o’ Barley og Weary fa’ you Duncan Gray. Med inspirasjon frå kveding og Sarah Jane sin skotske tradisjon blir konserten som sitt eige vesle grenseland ein stad uti Nordsjøen som hyllar dialektar, dei folkelege visene og den nære poesien til folkediktaren Burns.

Medverkande
Ingebjørg Lognvik Reinholdt – kveding
Aasmund Nordstoga – kveding
Sarah-Jane Summers (Skottland) – fele
Juhani Silvola (Finland) – gitar
Morten Kvam – bass

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.