Laster Arrangementer

Festivalfokus!

Ei av Telemarkfestivalen sine viktigaste oppgåver er å ta vare på og halde liv i folkemusikken. Folkemusikken er eit levande kulturuttrykk i stadig utvikling, og samstundes er den ein viktig del av kulturarven vår. Telemarkfestivalen og andre såkalla nisjefestivalar i Noreg skipar til sine festivalar med særeigne, kunstnariske ambisjonar og forskjellige økonomiske vilkår. Dei siste åra har pandemien sett kulturlivet på prøve, og festivalane kunne ikkje gjere det dei eigentleg skulle. Krig i Ukraina og uro i verda fører med seg uvisse. Prisane stig, og det er usikkert om folk kan og vil gå på konsert i same grad som før. Korleis påverkar dette festivalane?

I samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og Telemarkforsking inviterer Telemarkfestivalen til eit seminar der me vil rette fokus mot korleis det har vore å skipe til festival i krevjande tider, og me vil òg rette blikket framover – korleis ser framtidas festivalar ut?

 

Seminaret vil innehalde innleiingar og presentasjonar, samt ein panelsamtale med representantar frå festivalar og andre aktuelle organisasjonar.

 

Meir detaljert program kjem!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.