Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Protestviser og folkepunk!

Korleis kan ein endre verda? Nokre måtar å få det til på kan vere å putte oppdrettsfisk i alle fjordane i eit land og betale minimalt med skatt, sikre seg ein plass på invitasjonslista til fine middagar/strategimøte med statsrådar og andre med mykje pengar, eller kjøpe eit sosialt medium. Ingen av desse alternativa er (diverre?) innanfor rekkjevidda til nokon av dei seks damene som speler i bandet Sliteneliten. Kva gjer ein då?

Ein kan til dømes rigge opp trommesettet, stemme gitarane, bassen, tverrfløyta og fela, reinske stemmen, og gaule ut på det venaste vossamål om korleis vi heller burde samlast, alle vi som ikkje er aksjemilliardærar eller er fødde inn i maktposisjonar, og saman endre alt til noko betre. Med poppete kraftballadar, folkete visesongar med 70-talsschwung, rockete rockelåtar og med tekstar så tettpakka av meining at vokalisten nesten rappar, byr Sliteneliten opp til dans på vollen og allsong om å krevje sekstimers arbeidsdag, ete dei rike, gje bønder ordentlege vilkår, knuse kapitalen, og om å skape ei betre verd med fridom, hus og dus for alle, ikkje berre for dei få.

Heile tre av seks i bandet har no opp til fleire studiepoeng i folkemusikk, og har lært at ein ikkje berre kan kome her og kome her og påstå at ein speler folkemusikk. Men no er dei jammen inviterte til å spele på Telemarkfestivalen – er dette å kome inn i varmen? Heitt og sveitt kan det i alle fall bli, om ein blir med og dansar og drikk øl till the world ends, eller i alle fall inn i sommarnatta saman med Sliteneliten!

Medverkande
Maria Refsland – bass
Silje Strøm – tverrfløyte
Inga Haugdahl Solberg – fele
Thea Marie Kvam – trommer
Synneva Gjelland – gitar, piano, vokal
Ylva Gulpinar – gitar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.