Laster Arrangementer

Klassiske rockelåtar i blågras-drakt

Steve’n’Seagulls
Laurdag 12. august 2023
Gullbring Amfi, ca. kl. 23:00
365,- / 555,-

Steve’n’Seagulls frå Finland er kjend for spinnville konsertar der dei kler klassiske rockelåtar i ei fantastisk fengande blågras-drakt. Bandet starta med å spele inn låtar som dei publiserte på YouTube. Dei fekk stor merksemd og derifrå gjekk vegen fort til platekontrakt og konsertar over heile verda, og dei har ein enorm mengde fans! Om ein skal leggje talet på følgjarar på Facebook til grunn, så er Steven’n’Seagulls det klart største bandet som har vore på Telemarkfestivalen nokon gong. Her vil du mellom anna få høyre Iron Maiden sin «The Trooper», AC/DC sin «Thunderstruck» og Led Zeppelin sin «Black Dog» slik du aldri har høyrt dei før!

Med Steve’n’Seagulls vandrar tankane fort over til den hardbarka actionskodespelaren Steven Seagal som redda verda mange gonger på 90-talet. Steven Seagal kjem ikkje til Telemarkfestivalen, men det gjer Steven’n’Seagulls – og dei er minst like tøffe!

 

Medverkande
Remmel – vokal, akustisk gitar, balalaika, mandolin
Skubu – Trommer, perkusjon, vokal
Jamppa – kontrabass, vokal
Hiltunen – trekkspel, kantele, mandolin, tangentar, fløyte
Herman – banjo, akustisk gitar, vokal

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.