Laster Arrangementer

I 2024 vil det vere 100 år sidan jernbanen kom til Bø – og verda vart brått mindre. Telemarkfestivalen ønskjer å markere 100 års-jubileet ved ta i bruk Pakkhuset ved Bø stasjon som ein eigen konsertarena for både tingingsverk og eigen temakonsert – båe med tog og jernbane som raud tråd. Det er første gong Pakkhuset vert nytta til konsertar.

Telemarkfestivalen 2024 har sitt endestopp sundag 11. august på Pakkhuset, og avsluttast med temakonserten «Bø stasjon – 100 år» Her vil ein flott gjeng med historiekunnige midt-telemarkingar møtast til det som garantert vert ein spennande og interessant salongsamtale om Bø stasjon, og det vert òg sjølvsagt musikk – mellom anna ein eigen jubileumslåt laga av Jon Solberg.

– Me har stor tru på at arrangementa på Pakkhuset vil bli ei fin markering av 100 års-jubileet for Bø stasjon, seier dagleg leier Kristoffer Mosfjeld som elles kan fortelje at arbeidet med å få i gang Pakkhuset som ny konsertarena går på skinner.

Dørene opnar kl 16:30.

 

 

Temakonsert: «Bø stasjon – 100 år»
Sundag 11. august 2024
Pakkhuset ved Bø stasjon, kl. 17:00
365,- inkl. bill.avg.

I 2024 vil det vere 100 år sidan jernbanen kom til Bø – og verda vart brått mindre for bøheringane. Som så mange andre stader har jernbanen òg vore enormt viktig for Bø. I denne temakonserten vil ein flott gjeng med historiekunnige midt-telemarkingar møtast til det som garantert vert ein spennande og interessant salongsamtale om Bø stasjon. Samtala i «salongvogna» vil bli leia av Halvor Kleppen, og me vil få høyre Gunleik Hynne, Gunnar Amundsen, Jon Jarle Haugen, Johan Staxrud og Torgeir Straand fortelje om Bø stasjon, rallarar, folkemusikk – gode historier, ramme alvor og harde fakta.

Det vert òg sjølvsagt musikk; Jon Jarle Haugen vil framføre eit knippe rallarviser, Vincent Cross frå USA vil framføre nokre «hobo»-viser i anden etter Woody Guthrie, Torgeir Straand kjem med eit par velvalde hardingfeleslåttar – og sist men ikkje minst: Jon Solberg vil framføre ei heilt ny låt skriven spesielt i høve jubileet.

Velkomen! 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.