Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Ellen Nordstoga har greidd det igjen: Gong på gong sidan ho kom som lærar til Edland i 1967 og straks starta leikarring…

Ellen Nordstoga har greidd det igjen: Gong på gong sidan ho kom som lærar til Edland i 1967 og straks starta leikarring for born, har ho forsynt Vinje og landet eller med kvedarar og dansarar. Skal me tru den imponerande statistikken hennar, bør du få med deg programmet om du tidleg vil kjenne komande stjerner i folkemusikken. Ellen arbeider fram det eine kvedartalentet etter det andre. Nå fyller ho 80 år, men dette er inga fartsgrense for Ellen. Da Telemarkfestivalen ønskte å stelle til ein konsert i høve jubileet, er det typisk Ellen å gi rom til eit barne- og ungdomsprogram med dei utøvarane som meir enn nokon treng ei scene i corona-tomrommet til å utøve det dei har lært seg. Framsyninga «Kongsdøttane» er spel, dans og kveding med 18 born og unge frå Tokke, Seljord, Gransherad og Vinje i ein nyoppsett folkemusikkmusikal.

Ellen er leiar for gruppa, og kom med ideen til forestillinga da det skulle vera landskapleik på Rjukan. Hæge Manheim og Aasmund Nordstoga har regi og koreografi med hjelp av studentar frå Akademiet på Rauland. Lars Erik Øygarden har ansvaret for innøving av orkesteret der det er feler og tromme.

Det er ei stor glede for Telemarkfestivalen å helse Ellen i høve 80-årsdagen med dette programmet ho brenn så sterkt for å få framført.  Konserten opnar med at unge folkemusikarar frå Midt-Telemark helsar Ellen og Vest-Telemarkingane vel møtt.

Musikalske helsingar frå tidlegare elevar

Ellen vil fortelja om 50 år med rekrutteringsarbeid, i eit bildeintervju med Torgeir Straand. Blåmann, Blåmann med Odd Nordstoga, Asgaut Bakken, Silje Hegg og Lars Underdal er det mange som lengtar etter å sjå på scena att. Telemarkfestivalen presenterer come-back med bandet som seinare i haust blir å høyre på Rockefeller. Øystein Romtveit og Alf Tveit har samarbeidd i fleire tiår med Ellen. Alf og Ellen var fylkesmusikarar i ei årrekkje, alltid med unge utøvarar frå Vinje med på laget. Dei er topp utøvarar både som spelemenn og dansarar, vil spela og danse, og kanskje by Ellen opp til dans? Konserten runda av med ei mønstring av tidlegare elevar i mange aldrar på scena, som syner spennet i generasjonar og på alle måtar i Ellen sin aktivitet! Gled dykk til å sjå og høyre dette laurdag 14. august kl 17:00 i Storsalen i Gullbring kulturanlegg.

Prosjektet er støtta av Rauland og Vinje folkemusikkfond, Seljord kommune, LiviVinje og Vinje Spel og Dans.

Medverkande
Dei som er med på framsyninga er: Olava Lie Verpe, Aurora Lie Verpe, Ingerid Nordstoga, Aasne Nordstoga, Nora Næsseter, Åste Våle, Malin Røysland Skårberg, Mari Røysland Skårberg, Kjersti Vatnås Løndal, Vilde Westeng, Laurynas Lamsodis, Neri Bakkjen, Jon Inge Særsland, Aanund Nordstoga Torgersen, Aksel Hovda Rostad, Olav Brennemo, Jon Hauge, Torjus Bakken, Jakob Bratland Nilsen, Haakon Nordstoga.

Lars Erik Skjøtskift Øygarden, Hæge Manheim, Aasmund Nordstoga og Ellen Nordstoga.

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.