Laster Arrangementer

Rocka slåttebass og munnharpe med fuzz

Thov Wetterhus frå Nore i Numedal har vunne landskappleiken på munnharpe ikkje mindre enn seks gonger sidan 2007! Det energiske eggande spelet til Numedølen har blitt ein favoritt blant både publikum, dansarar og dommarar dei seinaste åra, og debutplata hans “Stålslått” (2021) vart nominert til Spellemannpris.

 

 

Mattis Kleppen frå Bø har patentert og perfeksjonert slåttespel på akustisk bass. Etter tingingsverket «El Bokko» på Telemarkfestivalen i 2015 har Mattis Kleppen og hans Resjemheia spelt land og strand rundt med sin proggete folkrock – til stor begeistring for eit stadig større publikum. Men Kleppen vendar stadig tilbake til utgangspunktet – slåttar framført av han og den akustiske bassen. I vår gav han ut si andre solo-plate, «Svartufsen».

 

I denne dobbeltkonserten får publikum høyre ny musikk frå Mattis Kleppen og Thov Wetterhus. Kanskje finn dei óg på noko sprell i lag?

Medverkande
Mattis Kleppen – bassgitar
Thov Wetterhus – munnharpe

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.