Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Tre stemmer, tre vokaltradisjonar

Kva hender i ei byrjing? Då formast det grunnleggjande, det som alt skal byggjast ut i frå. Tingingsverket Aalka undersøkjer grunnsteinane i oss menneske, og skapar noko nytt ut frå tradisjonane bandets tre vokalistar står i; sør- og umesamisk joik, kvedartradisjonen frå Setesdal og finsk runesong og kantele-spel. Marja Mortensson, Sigrid Kjetilsdotter Jore og Maija Kauhanen er dyktige tradisjonsberarar, formidlarar og fornyarar. Aalka er eit musikalsk møte mellom desse tre og eit forrykande band, leia av kapellmeister og kaptein Ellen Brekken. Det publikum får høyre er både nyskrive og gamalt. I arrangementa leikar bandet med dei ulike stemningane i musikken, improvisasjon og det rytmiske drivet og særpreget som kjenneteiknar dei ulike tradisjonane.

 

F.v. Marja Mortensson, Maija Kauhanen, Sigrid Jore. Alle foto: Knut Utler

 

Marja Mortensson er ei av dei viktigaste berarane og formidlarane av sør- og umesamisk joiketradisjon. Ho er glad i å fornye joiken, og lar folk få kjenne at noko så tradisjonelt framleis er så i live og dagsaktuelt. Når joiken begynner har den ingen slutt.

 

Sigrid Kjetilsdotter Jore er ein kraftfull formidlar av den UNESCO-lista tradisjonen frå Setesdal. Ho er også med på å utvide tradisjonen ved å leite fram bortgløymde skattar frå arkiv, og lage eigne tekster og tonar. Sigrid trakterer også harpeleik og munnharpe. 

 

Maija Kauhanen er kantele-spelar, songar og perkusjonist, og er ei av Finlands mest vellykka folkemusikarar internasjonalt. Maija fordjupar seg i dei mange tradisjonelle spelestilane på den sjeldne kantelen frå Saarijärvi, og utviklar stadig nye speleteknikkar så vel som nye instrument.

Medverkande
Marja Mortensson – joik
Sigrid Jore – kveding
Maija Kauhanen – song
Ellen Brekken – bass
Johanne Flottorp – hardingfele
Marius Trøan Hansen – perkusjon

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.