
Tingingsverk: «Som lindi bere lauv»
Religiøse folketonar i ny drakt
Tingingsverk: «Som lindi bere lauv»
Torsdag 10. august 2023
Bø kyrkje, kl. 19:00
335,-
Livssyklusen har alltid vore noko komponistar og diktarar har latt seg inspirere av. Med utgangspunkt i lokale tradisjonar, har Anders Hefre og Johanne Flottorp laga eit nytt verk som tek føre seg alt eit musikalsk menneskeliv kan innehalde: Byssande bånsullar i byrjinga, rask springartakt om våren, seige gangarsteg i kveldinga og ettertenksam valsing før alt er over.
Inspirert av folkemusikkmessa på Ål og andre kyrkjelege verk, har Flottorp og Hefre laga komposisjonar med ei kyrkjeleg form, men med innhald som sameiner det verdslege og det religiøse. Tingingsverket deira er delt inn i tre satsar, der ein folketone vil danne grunnlaget for kvar sats. Slik komponerte dei i tidlegare tider kantater utifrå dagens tekst i gudstenesta. Kvar sats i konserten inneheld mykje nyskriven musikk basert på gamle songar, men det er også brukt eldre stoff som er henta frå arkiv og notenedskrifter. Hefre og Flottorp vil ha med seg eit framifrå ensemble med fleire lokale utøvarar, og i lag vil dei ta publikum med på ein meditativ og tankefull, musikalsk reise. Ei reise frå livets vår til livets vinter – slik «som lindi bere lauv».
Tingingsverket er særskild støtta av Vestfold og Telemark fylkeskommune og Norsk Kulturråd. Me takkar!
Medverkande
Anders Hefre – treblåseinstrument, trøorgelJohanne Flottorp – feler, vokal
Anders Røine – langeleik, munnharpe, vokal
Åsmund Solberg – gitarar
Anders Bitustøyl – bass
Anne Gravir Klykken – vokal
Jostein Rørmark – perkusjon
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.