
Tingingsverk: «Songhus»
Norsk og irsk folkemusikk møtast i tingingverket
Tingingsverk: «Songhus»
Torsdag 10. august 2023
Bø gamle kyrkje. kl. 21:00
335,-
I årets tingingsverk vil me møte folkemusikarane Anne Hytta frå Noreg og Caoimhín Ó Raghallaigh frå Irland. Anne Hytta og Caoimhín Ó Raghallaigh har mykje til felles i måten dei nærmar seg folkemusikktradisjonane på i den kunstnariske verksemda si. Hytta og Ó Raghallaigh er to høgt akta og internasjonalt anerkjende utøvarar. I deira kunstnariske verksemd har dei stor respekt for tradisjonen når dei komponerer og arrangerer ny musikk, der tradisjonelle og meir moderne tilnærmingar til folkemusikken gjer seg gjeldande. I konserten vil dei ha med seg bassist Jo Fougner Skaansar som Hytta har jobba med i ulike samanhengar tidlegare, og den norsk-amerikanske felespelaren Dan Trueman, som gjennom ei årrekke har spelt i duo med Ó Raghallaigh – noko som vil gi eit godt grunnlag for ein kraftfull og eigenarta strykekvartett.
Det er sterke band mellom den norske og den irske folkemusikktradisjonen, og i årets tingingsverk vil publikum få oppleve eit unikt møte mellom to sterke folkemusikktradisjonar og to unike utøvarar. Til komposisjonane har Hytta og Ó Raghallaigh late seg inspirere av gamle inskripsjonar i Bø gamle kyrkje, og desse har òg gitt namn til sjølve tingingsverket. «Songhus» er eit uttrykk for eit heilag rom på gammelnorsk.
Tingingsverket er i samarbeid med Riksscenen og er særskild støtta av Norsk Kulturråd. Me takkar!
Medverkande
Anne Hytta – hardingfeleCaoimhín O Raghallaigh – hardanger d’amore
Dan Trueman – hardanger d’amore
Jo Fougner Skaansar – kontrabass
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.