Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Primal energi og transcenderande rørsler

Det er tid for å sova, men du kjenner rytmene snike seg på og tek kontroll over kroppen. «Draumnjǫrun», eller draumhesten, er dvergane sitt navn på natta i Alvíssmál. Med skeive tonar og takter lokkar musikarane Kenneth Lien og Jørgen «Center of the Universe» Skjulstad og dansekunstnarane Sigyn Åsa Sætereng og Hallgrim Hansegård fram stemninger og rytmer i seine nattetimer. Og om du blir dansesugen sjølv, blir det høve til å kaste seg utpå golvet med dei rørslene du har.

Musikken i Draumnjǫrun er tinga av Telemarkfestivalen og FRIKAR med støtte frå Kulturrådet. Konseptet er klubbkonsert med sceniske innslag og golvet blir opna for sosial dans etter kvart.

Ei av Telemarkfestivalen sine viktigaste oppgåver er å ta vare på og halde liv i folkemusikken, til glede både for oss her og no, og for kommande generasjonar. Folkemusikken er eit levande kulturuttrykk i stadig utvikling, og samstundes er den ein viktig del av kulturarven vår. Å ta vare på er å ta i bruk! Dette er i aller høgaste grad tilfelle når me presenterer årets tingingsverk. FRIKAR smeltar saman ryter frå folkedans og andre sjangrar med primal energi og transcenderande rørsler.

Medverkande
Kenneth Lien – hardingfele, munnharpe, elektronikk
Jørgen Skjulstad – elektronikk
Hallgrim Hansegård – koreografi, dans
Sigyn Åsa Sætereng – koreografi, dans


Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.