Laster Arrangementer

Høyr framtida i norsk folkemusikk allereie no!

UngFolk
Fredag 11. august 2023
Framstugo, Gullbring, kl. 17:30
Gratis!

UngFolk kjem til Telemarkfestivalen med høge spark og spente bogar! UngFolk er eit sommarkurs for born og unge mellom 8 og 20 år. Denne konserten markerer avsluttinga på ei flott kursveke der deltakarane viser fram noko av det dei har lært.

Medverkande
Neste generasjon folkemusikarar og folkedansarar!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.