Laster Arrangementer

Vincent Cross kjem attende til Bø for tredje gong!

Vincent Cross
Laurdag 10. august 2024
O’Learys’s – Sønstebøtunet, kl. 14:00
Gratis!

Vincent Cross er ein trubadur som er fødd i Dublin, oppvaksen i Australia og er no busett i USA. Den beste venen hans er Martin – den gamle gitaren – som følgjer Vincent på den musikalske landevegen som no fører han til Noreg for tredje gong. Me er fleire som hugsar besøka på Telemarkfestivalen i 2015 og 2019 med glede. Med humor og glimt i auget spelar han både eigen og andre sin musikk som stort sett høyrer heime i eit landskap med mykje blågras og røter, men også med innslag av country og blues. Ei samanlikning med nokre av dei store amerikanske visepoetane som Bob Dylan, Woody Guthrie og Neil Young er nok ikkje heilt bak mål.

Få med deg ein nydeleg konsert på O’Leary’s på Sønstebøtunet!

Medverkande
Vincent Cross - gitar, banjo, vokal, munnspel

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.