Laster Arrangementer

Festmusikk frå Ukraina!

Yagody
Laurdag 12. august 2023
Gullbring Amfi, ca. kl. 21:30
365,- / 555,-

 

– Kvar augneblink i ein person sitt liv har sin eigen song, seier Zoryana Dybovska som grunnla Yagody i 2016 i den vestukrainske byen Lviv saman med tre andre kvinner. Dei fire kvinnene reiste så på kryss og tvers av Ukraina for å utforske dei mange musikalske tradisjonane landet har. I kjølvatnet av denne reisa har Yagody tilegna seg eit enormt repertoar av rytmar, poesi og melodiar om kjærleik og store og små ting i livet. Gruppa har òg henta eit mangfaldig utval av folkemusikk frå andre land,  til dømes Serbia, Makedonia og Bulgaria, og slik har gruppa skapt sitt heilt unike uttrykk. Med Yagody kan ein forvente ei gruppe unge kvinner med  fortryllande nærvær, nydelege stemmer og stor stemning. Telemarkfestivalen er glade for å kunne presentere det som garantert vert ei fantastisk konsertoppleving for både Midt-Telemarkingar og det store talet flyktningar som har kome til Midt-Telemark som følgje av krigen i Ukraina.

Obs! Få med deg heile konsertkvelden i amfiet – kjøp Heilaften-billett! 

Medverkande
Zoryana Dybovska – vokal
Sofia Leshishak – vokal, djembe
Valeria Mocharska-Lyulchyk – vokal, perkusjon
Tatiana Voitov – vokal, bayan
Timur Gogitidze – perkusjon
Vadym Voitovych – bass

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.