Torgfestivalen – ein festival i festivalen

Telemarkfestivalen inviterer alle born, unge, unge vaksne, vaksne og eldre vaksne til å delta på Torgfestivalen – ein festival i festivalen som har blitt svært populær for både store og små! Det vil bli marknad, gratiskonsertar, artige aktivitetar og mykje moro for store og små. Torgfestivalen vil i 2026 finne stad laurdag 8. august mellom kl 11:00 og kl 16:30.

Torgfestivalen vil ha ein lavterskel-profil og er meint som ein invitasjon til barn, familiar og andre som kanskje elles ikkje er så kjende med folkemusikken frå før. Bø i Telemark er ein stad med lange tradisjonar for folkemusikk og folkedans. Det er viktig at også barn og unge får ta del i disse tradisjonane på eigne premiss. Under Telemarkfestivalen vil Bø torg vere ein arena der barn og unge får være med på ein mengde aktivitetar med folkemusikken og folkedansen som bakteppe – alt saman heilt gratis!

I år vil me presentere den heilt nye familieframsyninga «Troll på sparket». Her vil musikarane Audun Rørmark og Anders Hefre og skodespelarane Hadle Reisæter, Ida Ursin-Holm og Lars August Jørgensen ta med seg små og store publikummarar på eit spennande eventyr. Framsyninga vil i stor grad vere prega av improvisasjon der ramma for historia vert presentert av utøvarane, men publikum vil vere med og styre innhald og retning. Me har stor tru på ei svært fornøyeleg framsyning for store og små!

Program for Torgfestivalen:
Kl. 11:00 – Torgfestivalen opnar
Kl. 12:00 – Konsert med UngFolk
Kl. 13:00 – Familieframsyning: «Troll på sparket»
Kl. 13:45 – Bø Sang Ensemble
Kl. 14:00 – Roheim-paraden køyrer i Bøgata
Kl. 14:30 – Dans og spel på torget
Kl. 15:30 – Konsert med Onstad/Wallumrød
Kl. 16:30 – Torgfestivalen stengjer

Arrangementet er støtta av Sparebankstiftinga Bø, Sparebankstiftelsen Telemark, Sørfondet og Skuestiftelsen. Me takkar!

Stand? Utstillarar som ønskjer å melde seg på Torgfestivalen kan kontakte:

Marita Kristina Valkeinen
Telefon: 41 61 13 93
E-post: [email protected]

Praktisk informasjon til utstillarar:

  • Adresse: Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark
  • Det er gratis å ha standplass. Plass gis berre etter forhåndsavtale – 3×3 m eller 6×3 m.
  • Oppmøte seinast kl. 09:30, slik at alle er ferdig rigga opp til kl. 11:00. Nedrigg kan ikkje skje før etter kl. 16:30
  • Strømtilgang gis berre etter forhåndsavtale
  • Det er mogleg å køyre inn på torget for avlasting og rigg om ein møter opp tidleg. Ellers lett tilgang til torget frå sidevei. Parkering 20 m fra torget, ved siden av og bak kommunehuset.
  •  Alle må ta med eiget søppel fra sin plass. (emballasje, plast, matavfall o.l)

Me vil oppmode alle om å marknadsføre arrangementet på sin nettstad og i sine kanalar!

Spel og dans på torget!

Velkomen!

——-