Våre konsertarenaer

 

Telemarkfestivalen sine arrangement finn stad på fleire forskjellige stader i og rundt Bø! Kvifor ikkje bare ha alt på ein og same scene? Me nyttar lokalar som gir dei beste føresetnadene for dei beste konsertopplevingane!

Har du spesielle behov for deltaking?
I Gullbring kulturhus er det lagt godt til rette deltaking for brukarar av rullestol. Men diverre er ikkje alle av festivalens mindre konsertstader like godt egna for personar med funksjonshemming. Ta difor gjerne kontakt med oss om du sit i rullestol eller har andre spesielle behov i høve deltaking på Telemarkfestivalen sine arrangement, så vil me gjere vårt beste for å gi deg ei flott konsertoppleving!

Ring eller send e-post til dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld: 
48 20 50 66 / [email protected]

Velkomen! 

Gullbring Kulturhus

Telemarkfestivalen vil i år nytte Gullbring kulturhus med staselege konsertar i Framstugo og i Storsalen.

Gullbringvegen 34, 3800 Bø

Heimside
Hårre ligg det?

Sandvinparken

Me kler vakre Sandvinparken i festivaldrakt med flott musikk, god stemning og mange fine folk!

Sandvinvegen 14, 3800 Bø

Hårre ligg det?

Bø torg

Bø torg er den store møteplassen i kommunen og i samband med Telemarkfestivalen åstad for marknad, gratiskonsertat og aktivitetar for store og små.

Hårre ligg det?

Kroa i Bø

Kroa i Bø er den største konsertscena me har i Midt-Telemark, og er ein perkekt plass for dei store konsertopplevingane!

Lundevegen 61, 3800 Bø

Hårre ligg det?

Pakkhuset ved Bø stasjon

I høve Bø stasjon sitt 100 års jubileum gjer me om det gamle Pakkhuset ved Bø stasjon til en feiande flott konsertarena!

Stasjonsvegen , 3800 Bø

Hårre ligg det?

The Bull Inn

Øvst i Bøgata finn du The Bull Inn – ein irsk pub med live musikk og god stemning – som seg hør og bør!

Bøgata 11, 3800 Bø

Hårre ligg det?

Nye Sjodar og Evju bygdetun

Evju bygdetun og Nye Sjodar folkemusikkscene ligg vakkert til mellom Bø og Gvarv!

Sætrevegen, 3810 Gvarv

Hårre ligg det?

Konsertlåven

Ekteparet Torgeir Hefre og Gyrid Kvaale har laga seg ein flott konsertlåve som Telemarkfestivalen er glade for å kunne nytte til konsertar i samband med festivalen!

Nordbøvegen 10, 3800 Bø

Hårre ligg det?