Om Telemarkfestivalen

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som vert arrangert i Bø i Telemark over fire dagar i august. I 2021 vert festivalen arrangert mellom 12. og 15. august.

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som har vore arrangert kvart år sidan 1990 og har om lag 5000 besøkande kvart år. Festivalen vert arrangert mellom 12. og 15. august i 2021. Festivalprogrammet inneheld høg musikalsk kvalitet og bredde – både i nasjonal og internasjonal samanheng. Programmeringa tek utgangspunkt i å presentere spennande musikalske møte mellom tradisjonell og meir moderne tilnærmingar til folkemusikken. Programmeringa skal bære preg av ivaretaking og nyskaping, kvalitet og folkeleg appell, samt fremje den akustiske folkemusikken.

Hovudprosjektet til Stiftinga Telemarkfestivalen vil vere å gjennomføre festivalen årleg i tråd med dei kunstnariske målsettingane og innanfor dei ressursrammene som me til ein kvar tid rår over. Samstundes har festivalen eit samfunnsansvar som inneber at festivalen skal leggje til rette for aktivitet, kompetanseauking og engasjement innan folkemusikk og folkedans gjennom heile året.

 

  • Telemarkfestivalen skal formidle folkemusikk av høg kvalitet. Det kunstnariske kvalitetskriteriet vil alltid vere høgaste prioritet for festivalen.
  • Telemarkfestivalen skal gi spesielt rom for det akustiske og tradisjonelle musikk- og danseuttrykket innanfor folkemusikken: både det lokale, det regionale og det internasjonale, samt leggje til rette for sterke og skapande møte mellom kunstnarar og tradisjonsuttrykk på tvers av nasjonale, kulturelle og etniske og musikalske grenser.
  • Telemarkfestivalen skal vere ein formidlingsarena for den nye folkemusikken og stimulere til kunstnarisk fornying og utvikling av sjangeren, samt vere ein arena der den nye folkemusikken får dei beste vilkåra for å vere eit levande samtidsuttrykk på eigne premiss.
  • Telemarkfestivalen skal aktivt formidle folkemusikk og folkedans til grupper som ikkje oppsøkjer denne til vanleg.


32 ÅR MED TELEMARKFESTIVALEN

Nokon hadde snakka saman
Kven som hadde ideen fyrst eller akkurat når han dukka opp slik nøyaktig, det er usikkert. Det me veit er at ideen om ein internasjonal folkemusikkfestival i Bø hadde vore snakka om av fleire. Denne spesielle samsnakkinga om ein mogleg festival skjer ein god tidleg på året i 1989 i kjølvatnet av ei vellukka gjennomføring av Landskappleiken i Bø i 1988. 15. februar 1989 vart eit interimstyre sett saman av 11 personar, men det skulle gå eitt år før organisasjonen Telemarkfestivalen formelt vart skipa. Dette skjedde 6. februar 1990 – då med 20 lag og institusjonar og tre einskildpersonar som medlemmar. Då festivalen vart omgjort til stifting i 1994 omfatta stiftarane 19 lag, organisasjonar og institusjonar. Per 2020 har festivalen 15 stiftarar.

Verda – ein stor musikalsk landsby
I ettertid kan ein undre seg over at same idè kan oppstå samstundes på ulike plassar utan at dei veit om kvarandre. De første utgåvene av Telemarkfestivalen og Førdefestivalen fann stad sommaren 1990. Det var noko i tida. Til dømes var internasjonaliseringa i av det norske samfunnet i ferd med å gripe om seg. Møyfrid Engset sa det slik i ein artikkel om Telemarkfestivalen i Dag og Tid i 1991: «Telemarkfestivalen spegla av at verda har vorte ein stor musikalsk landsby. Grensene mellom dei ulike genrane har brote saman, og nye stilartar har dukka opp». NRK-programmet «All verdens folkemusikk» stod elles for ein viktig kanal ut til omverda med nye, internasjonale artistar som til vanleg ikkje fekk mykje radiorotasjon.

Kva skulle denne festivalen drive med? Ein skulle fyrst av alt «fremje samkvem og forståing mellom ulike folkemusikktradisjonar både i innland og utland». Like viktig var punkt to: Ein skulle «halde i hevd og stimulere folkemusikktradisjonane i Telemark». Og sist, men ikkje minst, så skulle ein «fremje og presentere kvalitet». Med dette har rolla til festivalen som møteplass blitt heilt sentral: Ein skulle lage ein møteplass mellom den norske og den utanlandske folkemusikken, mellom artistar og publikum og folkemusikken sine møte med andre sjangrar. Dette har stått frå dag éin og gjeld framleis!

Den fyrste utgåva av Telemarkfestivalen i 1990 vart gjennomført med stor mottaking hos publikum og presse og bestod dermed elddåpen. Johan Vaa slo fast dette i Spelemannsbladet med overskrifta: «Komen for å bli!». Vaa fekk rett. Me kan no vise til 31 gjennomførte flotte festivalar med mangfald og særpreg – og fantastisk musikk!

ORAGANISASJON OG STRUKTUR

Stiftinga Telemarkfestivalen er ei privat stifting med 15 stiftarar:

Bø Museum, Bø Dansarring, Bø Juniorspelemannslag, Bø kommune, Bø Kunstforeining, Bø kulturnettverk, Bø Skulemusikk, Bø Ungdomslag, FolkOrg, Nes Nasjonale Dansarring, Spelemannslaget Bøheringen, Telemark Kulturnettverk, Telemark Mållag, USN – Institutt for kultur, religion og samfunnsfag og USN – Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk.

Stiftingas høgaste organ er årsmøtet. Stiftinga drivast av eit styre med styreleiar og fire styremedlemmar som har arbeidsgivaransvar for dagleg leiar i 80 % stilling. Frå juni til august er det òg tilsett to festivalmedarbeidarar. Det er elles knytt fleire utval til festivalen, der medlemmene ikkje mottek løn. I tillegg har festivalen om lag 150 frivillige festivalmedarbeidarar kvart år.

Festivalen har eit sekretariat beståande av dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld. Øvrig drift er basert på frivillig arbeid. Sittande styreleier er André Hustoft Nesheim.

BEREKRAFTIG FOLKEMUSIKK

Ei av Telemarkfestivalen sine viktigaste oppgåver er å ta vare på og halde liv i folkemusikken, til glede både for oss her og no, og for kommande generasjonar. Folkemusikken er eit levande kulturuttrykk i stadig utvikling, og samstundes er den ein viktig del av kulturarven vår – både den materielle og den immaterielle. I folkemusikktradisjonen heng det materielle og immaterielle tett saman, gjennom handverk, kunnskap og tradisjonar. I 2019 blei Setesdal sin folkemusikk- og kulturtradisjon del av UNECSO si verdsarvliste for immateriell kunst, der berekraftig utvikling er eit hovudmål. Som sjanger står folkemusikken dermed i ei særstilling i Noreg – nettopp som ein sentral del av norsk – og internasjonal – berekraftig kulturarv.

Å bidra til ei berekraftig utvikling av folkemusikken inneber å fremje ein levande folkemusikktradisjon som inngår i samtida si. Men å vere ein berekraftig festival inneber også å bidra til ei utvikling som gjer at vi kan møte klima- og miljøutfordringane vi alle står overfor. Klima og miljø har vore på agendaen i kulturlivet i lengre tid. Å legge til rette for grøne val for arrangørar, artistar, publikum og samarbeidspartnarar vil kunne bidra til enda meir levedyktige festivalar i framtida – og slik også bidra til ei berekraftig utvikling av musikken og dansen. Saman kan festivalar, kulturarrangørar og kulturlivet elles gjere eit viktig arbeid i gjennomføringa av det grøne skiftet. Telemarkfestivalen har difor oppretta eit eiget utval beståande av representantar frå festivalen, lokalpolitikk, kommunal forvaltning og forsking som skal arbeide med berekraftige løysingar for festivalen. Telemarkfestivalen er sertifsert som Miljøfyrtårn. Me vil leggje kriteria for miljøsertifiseringa til grunn for alle delar av festivalverksemda. 

 

Ordførar i Midt-Telemark kommune, Siri Blichfeldt Dyrland, overrekkar diplom til dagleg leiar, Kristoffer Mosfjeld under Opningskonserten for Telemarkfestivalen 2021. Foto: Knut Utler

MILJØPOLICY

Telemarkfestivalen har som mål om å vere ein av dei mest miljøvennlege festivalane i vår region. Me vil ha eit ansvar heile året for korleis vår verksemd verkar inn på miljøet lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Me vil jobbe kontinuerleg for å betre våre miljøprestasjoner, og miljø skal alltid vere i fokus med tanke på innkjøp, produksjon og avfallshåndtering.

Telemarkfestivalen sitt fokus på miljø vil vere forankra i heile festivalen og følgjast opp av administrasjonen regelmessig gjennom mål, planer og rapportering. Me ønskjer at vårt miljøarbeid skal vere til inspirasjon for andre arrangørar, samarbeidspartnarar og publikum i vår region.

Telemarkfestivalen ønskjer å vise samfunnsansvar ved å vere seg bevisst festivalens verknad på menneske, lokalsamfunn og miljø!

Sagt om Telemarkfestivalen

«Her jublet bluesfrelste sekstiåttere, musikalske feinschmeckere, gammelrockere og ungdommer med Rolling Stones-konserten ennå ringende i ørene sammen med hardingfeleentusiaster, tradisjonelle kirkegjengere, visevenner, kvedere og gamle spelemenn fra Telemark og Setesdal».

Per Holtung, Spelemannsbladet

«Bø var ei kokende heksegryte av folk på lørdag. Alt som kunne krype og gå hadde tatt turen til området rundt kommunehuset, hvor det foregikk noe til enhver tid. På hvert hjørne satt musikere i samtaler over sine instrumenter, mens andre sol an tonen for å sette en ekstra spiss på den allerede gode festivalstemningen».

Marianne Johannessen, TA

«I ei tid med stadig nye anslag mot minoriteter og folk fra andre kulturer, så representerer de internasjonale folkemusikkfestivalene ei kulturell motgift.»

Veslemøy Fjerdingstad, Klassekampen

«Telemarkfestivalen er noe langt mer enn en navlebeskuende sammenkomst for puritanske elskere av tradisjonsmusikk».

Olav Graasvolden, Varden

«Den har samlet folk fra hele landet og fra utlandet til fredelig sameksistens og kulturutveksling, samtidig som den har vært en scene for unge talenter som ellers ikke ville fått en slik mulighet til å prøve seg».

Ellen Horn, Tidlegare kulturminister

«Denne festivalen vil mobilisere kulturforståelsen. For fremgangen skjer i samspillet og der er Telemarkfestivalen viktig som budbringer».

Kohinoor Nordberg

«Og det er overmåte verdifullt når Telemarkfestivalen legger vekt på å utvikle kontakten med andre nasjoner gjennom folkemusikkuttrykket.»

Kåre Willoch

«Jeg aner noe av kulturlivets magiske krefter etter å ha opplevd litt av Telemarkfestivalens første dag»

Prinsesse Märta Louise


Henta frå boka «Fy fela for ein festival – 20 år med Telemarkfestivalen» skrive av Kjell Bitustøyl.