Laster Arrangementer

Knut og Halvor med tonar, skjemt og alvor om Amerika-farande telemarkingar

Temakonsert: « Frå Telemark til Amerika»
Laurdag 9. august 2025
Bø hotell, kl. 18:00 – 19:30
365,- inkl. bill.avg.

I år det eit nasjonalt emigrasjonsjubileum som markerer at det er 200 år sidan første båt med norske emigrantar sette kurs mot Nord-Amerika. Gjennom 1800- og 1900-talet var det mange telemarkingar som freista lukka «over dammen». I denne temakonserten vil tidlegare journalist Halvor Kleppen og meisterspelemann Knut Buen presentere historier, både humoristiske og alvorlege, om telemarkingar som på forskjellige vis gjorde seg merka i Junaiten. Båe to er å betrakte som vandrande historiebøker med god kjennskap til temaet.

Desse gode historiene får sjølvsagt tonefølgje – både frå Knut Buen sjølv, og inviterte musikarar med ein felles interesse for den musikalske kontaktflata til norsk og amerikansk folkemusikk. Det vert musikalske innslag frå Laura Ellestad, Mattis Kleppen og Knut Reiersrud og Anne Gravir Klykken.

Medverkande
Halvor Kleppen – prat
Knut Buen – prat, hardingfele
Laura Ellestad – hardingfele
Mattis Kleppen – bass
Knut Reiersrud – gitarar
Anne Gravir Klykken – vokal

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.