
Borgjakonserten: Laura Ellestad & Ottar Kåsa
Norsk og amerikansk hardingfeletradisjon
Borgjakonserten: Laura Ellestad & Ottar Kåsa
Sundag 10. august 2025
Nye Sjodar – Evju bygdetun, kl. 15:00
285,- inkl. bill.avg.
I den tradisjonsrike Borgjakonserten vert dei eit spennande møte mellom Ottar Kåsa og Laura Ellestad. Det vert ikkje berre eit møte mellom to framifrå hardingfeleutøvarar og formidlarar – det vil òg vere eit møte mellom den norske og den amerikanske hardingfeletradisjonen. I år det ei nasjonalt emigrasjonsjubileum som markerer at det er 200 år sidan første bår med norske emigrantar sette kurs mot Amerika. Emigrantane tok med seg si norske kulturarv på reisa – og hardingfela vart sjølvsagt med. I denne konserten vil Kåsa og Ellestad utforske den rike tradisjonen av slåttemusikk både i Noreg og Amerika med eit spesielt fokus på det norske spelet som blei brakt til Amerika av utvandrarar og korlei spelet har utvikla seg vidare «over dammen».
Ottar Kåsa er ein norsk hardingfelespelemann og prisbelønt felemakar fra Arabygdi i Vinje kommune. Han er utdanna felemakar frå Ole Bull Akademiet på Voss. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet i Rauland. Hardingfelespel lærte han fyrst av Terje Hansen i Vinje kulturskule, seinare blei Aslak og Tarjei Romtveit viktige inspiratorar og lærarar, det same gjeld Per Anders Buen Garnås. Viktige lærarar har òg vore Vidar Lande og Per Åsmund Omholt.
Laura Ellestad kjem opphavleg frå Canada, men har røter frå Ellestad i Valdres. Laura Ellestad er hardingfelespelar og forskar, og ho underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule. I 2024 fekk ho godkjent doktorgradsavhandlinga, «Kappleiks and House Parties: Norwegian Traditional Fiddle in Upper Midwestern Contexts, 1900-1970».
Medverkande
Laura Ellestad – hardingfeleOttar Kåsa – hardingfele
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.