
Bråten Berg, Solberg, Solberg, Flottorp
Meritterte folkemusikarar frå Agder!
Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Åsmund Solberg, Johanne Flottorp
Laurdag 8. august 2026
Konsertlåven i Nordbøvegen 10, kl. 15:00 – 16:30
335,- inkl. bill.avg.
Det vert fleire generasjonar med lang fartstid i norsk folkemusikk samla på scena når Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Johanne Flottorp og Åsmund Solberg kjem til Konsertlåven. Her blir det tett mellom tidlause folkemusikkslagarar, ordspel, slåttespel og høg allsong-faktor!
Utmerkingane til desse utmerka folkemusikarane, kvar for seg og samla, er både mange og imponerande. Spellemann-prisar, Folkelarm-prisar, Kongens Fortenestemedalje og St. Olavs Orden, for å nemne noko. Under konserten vil publikum få høyre både det kjende og kjære, men òg heilt nye tolkingar av slåttar og stev. Alt ligg til rette for ei fornøyeleg stund i Konsertlåven – ein nydeleg arena med sin nære og intime atmosfære.
Velkomen!
Medverkande
Kirsten Bråten Berg – vokalLeiv Solberg – gitar, mandola
Åsmund Solberg – gitar, pedal steel gitar
Johanne Flottorp – hardingfele
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.