
Torgfestivalen – ein festival i festivalen
Musikk, marknad og leik på torget!
Torgfestivalen – ein festival i festivalen
Laurdag 8. august 2026
Bø torg, kl. 11:00 – 16:30
Gratis!
Velkomen til Torgfestivalen – ein festival i festivalen!! Me gleder kånn til yrande folkeliv på torget med flotte gratiskonsertar, dans, Roheim-parade, spennande marknad og artige aktivitetar for store og små!
I år vil me presentere den heilt nye familieframsyninga «Troll på sparket». Her vil musikarane Audun Rørmark og Anders Hefre og skodespelarane Hadle Reisæter, Ida Ursin-Holm og Lars August Jørgensen ta med seg små og store publikummarar på eit spennande eventyr. Framsyninga vil i stor grad vere prega av improvisasjon der ramma for historia vert presentert av utøvarane, men publikum vil vere med og styre innhald og retning. Me har stor tru på ei svært fornøyeleg framsyning for store og små!
Program for Torgfestivalen:
Kl. 11:00 – Torgfestivalen opnar
Kl. 12:00 – Konsert med UngFolk
Kl. 13:00 – Familieframsyning: «Troll på sparket»
Kl. 13:45 – Bø Sang Ensemble
Kl. 14:00 – Roheim-paraden køyrer i Bøgata
Kl. 14:30 – Dans og spel på torget
Kl. 15:30 – Konsert med Onstad/Wallumrød
Kl. 16:30 – Torgfestivalen stengjer
Endringar kan kome!
Ønskjer du å ha stand på torget denne dagen?
Send e-post til: [email protected]

Arrangementet er støtta av Sparebankstiftinga Bø, Skuestiftelsen, Sparebanken Norge og Sparebankstiftelsen Telemark. Me takkar!
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.